ESKIMORULLEHELG 23. OG 24. JANUAR
Jon David Jennssen er norgesmeister i eskimorulle. Han vil demonstrere (30 variantar) og instruere eskimorulle i symjehallen laurdagen.
Norgesmeister i eskimorulle, Jon David Jenssen frå Hemnes i Akershus, kjem på besøk til oss laurdag og søndag 23. og 24. januar. Han vil demonstrere over 30 ulike metodar for rulle, og han brukar ein ekte grønlandskajakk av trelister og seglduk.
Vi byrjar i bassenget i Førdehuset kl 15:30 på laurdag 23/1, og held på der til kl 18. Folk kan bruke dei 12 polokajakkane som er lagra der, eller ta med kajakk frå naustet/eigen.
Deretter flyttar vi oss ned til naustet, der Jon David vil vise ein teknikk for tørrtrening på land (tauøvingar).
Dei det passar for, kan bli med til Rune i kveldinga. Der samlast vi for å kose oss med pizza, sjå teknikkvideoar og pratast.
På søndag brukar vi fjorden, og møter i tørrdrakt kl 10 i naustet der vi held på nokre timar.
Vel møtt!
Send gjerne ei melding om du kjem .
Her ser du Jon David i aksjon…