Friluftsdag – Svidalsneset søndag 21. mai
Hei alle medlemmar.
Også i år skal vi delta på arrangementet på Svidalsnest på Jølstravatnet (sjå info under). Vi treng deg som vakt, anten på land eller i kajakk. Vi har gjort dette to år på rad (sjå bilete), og det er kjempekjekt. Ta gjerne med deg vener og/eller familie. Klubben får økonomisk støtte for dette, både frå Jølster Kommune og Norges Padleforbund.
Meld frå til oss om du kan.
Friluftsdag på Svidalsøyra i Jølster
Søndag 21. mai klokka 11-14
4H, Jølster jeger og fiskeforening, Barnas turlag, Sunnfjord Kajakklubb og orienteringsgruppa i Førde il inviterer til ein felles friluftsdag med mange kjekke aktivitetar.
Alle aktivitetane er gratis, ingen påmelding.
- Tips og rettleiing i fiske. Ta med fiskestang om du har.
- Rakettløype/enkel orientering
- Ulike aktivitetar ved 4H
- Enkel mat på bål
- Kanopadling Ta med redningsvest om du har.
- Natursti
- Kajakkpadling for både vaksne og born under rettleiing av kajakklubben. Ta med redningsvest om du har.
Ta med sitjeunderlag, mat og drikke.
Alle er velkomne!
Med padlevenleg helsing
Øyvind J. Korsøen
(Leiar Sunnfjord Kajakklubb)
+47 958 83 854