Bli med på dagstur til Laukelandsfossen
Det blir tur til Dalsfjorden og Fossedalen laurdag 2. juli.
OPPLEGG FOR DAGSTUREN
- Oppmøte ved naustet kl. 8.30 laurdag 2. juli for organisering og samkøyring.
- Vi køyrer forbi Bygstad til Standnes, der vi startar å padle mot Laukelandsfossen som er eit flott syn. Frå Laukelandsfossen padlar vi vidare til Fossvika.
- Her tenker vi å gå opp til Nedre Fossedal, noko som tek i underkant av 1 time. Der tek vi lunsj under dei flotte fossefalla, før vi returnerer til kajakkane ved fjorden.
- I tillegg til padleutstyr og mat, må ein ha med klær og sko for fottur.
- Påmelding til Else, tlf. 90 53 27 90 innan fredag 1. juli kl. 18.
Video frå turen i fjor, kan du sjå HER
Vel møtt til tur!