Klubbtur til Svanøya 21.-23. august

Klubbtur til Svanøya med overnatting i privathus. 21- 23 august. Turen passar for deg som har noko erfaring med padling.

Kompetanse/Ferdigheitsnivå:

For å vere med på turen må du ha grunnkurs i havpadling eller tilsvarande. Vi skal padle frå Flokenes og over til sørsida på Svanøya, så om mykje vind, er det ein fordel at du har ei viss erfaring. Vi legg opp til turar i nærområdet alt etter ver, vind og ferdigheitsnivå.

Reise:

Oppmøte ved naustet fredag kl. 17.00. Vi organiserer oss slik at vi køyrer færrast mogleg bilar. Vi køyrer til Flokenes (ca 45 min). På Flokenes lastar vi opp i kajakkane og padlar over til Kvalstad, Svanøya. Heimreise søndag ettermiddag.

Overnatting:

Overnatting i privathus på Kvalstad, sørsida av Øya. Ta med lakenpose/laken/sovepose. Om du ynskjer å sove i telt, er det moglegheit for det.

Mat:

Alle tek med seg det dei ynskjer av mat, men laurdagen organiserar vi fellesmiddag. Det er butikk på nordsida av øya- du kan padle rundt eller spasere (5 km).

Utstyr:

  • Ta med sengesett/lakenpose/sovepose, telt om du ynskjer å overnatte ute.
  • Du kan leige kajakk/åre/spruttrekk/vest av klubben for: kr. 200,- (første til mølla)
  • Tips til pakkinga finn du her: http://sunnfjordkajakk.org/index.php?visside=15
  • Ta gjerne med fiskestang/og eller fridykkarutstyr. Flotte forhold for dykking på Svanøya!

Påmelding:

til Randi på e-post: randierdal@hotmail.com eller på tlf: 47642589

helst innan onsdag 19.august.

Hugs, å gje melding om du:

  • ynskjer å leige kajakk
  • ynskjer overnatting
  • køyrer og har høve til å transportere kajakk
  • har matallergi

Med atterhald om dårleg vêr; då kan turen bli avlyst