I tillegg til å bli med i eit kajakkmiljø som legg vekt på trivsel og friluftsliv,
kan du . . .
• låne kajakk på treningane gratis
• leige kajakk for ein billeg penge
• lagre eigen kajakk i SKK-naustet
• få kode til naustet
• få prøvd forskjellige typar kajakkar
• få prøvd deg på ulike padleaktivitetar: hav, elv, flatvatn og polo
• vere med på faste treningar (hav) som passar både den ferske og den meir erfarne padlar
• delta på dagsturar og overnattingsturar
• bli med på trening og turar i lag med elvegruppa
• vere med på padletrening i symjehallen
• vere med på klubbmøter og temakveldar
Og som junior:
• Tilrettelagde treningar og turar med vekt på å ha det kjekt i og med kajakk