Vi gir støtte…
I samanheng med at vi ynskjer å styrke kompetansen i klubben, har vi vedteke å stimulere dette ved å støtte deltaking på padlekurs.
Som gjenyting ynskjer vi at dei som får støtte, i rimeleg grad, tar noko ansvar i samanheng med trening og turar, meir bestemt vere ansvarlege/leiarar på trening og turar. Dei som får støtte til aktivitetsleiarkurs, må til ein viss grad, hjelpe klubben med å gi nye padlarar ulike tilbod som til dømes, Introkurs.
På havsida gir vi i ulik grad støtte til alle kursa i Våttkortstigen utanom til Introkurset.
For tida gir vi 500 kroner i støtte for å ta Teknikkurs, og 1000 kroner i støtte til Aktivitetsleiarkurs.
For Vidaregåandekurs og Veilederkurs vil vi strekke oss endå lenger, så viss du kan tenke deg dette, må du gjerne ta kontakt så vi kan avtale eit samarbeid.
Det same gjeld andre padlegreiner, elv, flatvatn og polo. Så langt har det ikkje blitt arrangert få kurs i desse greinene her lokalt, men om interessa er der, stiller vi opp med støtte.
Interessert?
I så fall – ta kontakt!