Sakliste til Årsmøtet tysdag 8. mars 2016 kl. 18.30
VELKOMMEN TIL ÅRSMØTE I SUNNFJORD KAJAKKLUBB
Først årsmøte – så klubbkveld!
KOR: Møtet held stad i møterommet til Førde Bowling.
NÅR: Tirsdag 8. mars kl 18:30
PROGRAM FOR KVELDEN
► Årsmøte kl. 18.30 (varer ca ein time)
► Etterpå – klubbkveld med pizza og bowling
> Vi ser på litt bilete frå padlinga i fjor medan vi kosar oss med pizza.
(det blir høve til å kjøpe mineralvatn, øl og vin)
> Etter dette blir det bowling!
SAKLISTE TIL ÅRSMØTET
Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 2. Val av møteleiar
Sak 3. Val av to til å skriva under møteboka saman med møteleiar
Sak 4. Årsmelding
Sak 5. Rekneskap
Sak 6. Budsjett
Sak 7. Innkomne saker
1) Forslag om å auke medlemskontingenten:
Alternativ 1: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 500 kroner.
Denne auken inkluderer treningstid i symjehallen annankvar måndag og laurdag.
Alternativ 2: Kontingenten blir auka frå 250 kroner i året til 300 kroner.
Kontingenten inkluderer det same som før.
2) Forslag om å auke leige av kajakkplass i naustet frå 300 kroner i halvåret til 500 kroner,
dvs frå 600 kroner pr år til 1000 kr pr år.
Bakgrunn for begge sakene, er at klubben har fått vesentleg auka utgifter i samanheng med utviding av naustet.
Sia satsane har vore relativt låge, og uforandra i fleire år, kan det vere rom for å gjere ein auke.
Sak 8. Arbeidsplan (orienteringssak)
Sak 9. Val
Vel møtt!
Med helsing
Sunnfjord Kajakklubb
Øyvind Korsøen (leiar)
Rune Berge (kasserar)